14
» Fortsettelse fra første side
«Eg har hatt eit langt liv med
Jesus.
Utan å vere kristen. I Faens
nisse! undersøkjer eg Jesus og det
han har å seie i dag, i mitt liv, der eg
bur, i Noreg.
Fram til konfirmasjonsdagen
hadde eg tatt det for gitt at eg var
kristen fordi alle rundt meg sa dei
var det, fordi eg trudde det var slik
det skulle vere. Og eg torde ikkje
anna enn å fullføre konfirmasjonen.
Eg ville springe ut av kyrkja, men
fekk det ikkje til.
Ved sida av meg sat ein gut frå
nabolaget med cerebral parese. Han
spurde om eg ville hjelpe han. Og
takk for det. Lenge brukte eg minnet
om at eg stødde naboguten opp
og ned til alteret som ei lindring
mot den sterke kjensla av hykleri
som trefte meg den dagen. Straks eg
var gammal nok, melde eg meg ut
av statskyrkja. Men eg gløymde
aldri
Jesus, han var og er ein figur
med eit spennande liv og haldningar
til inspirasjon.
Arena for verdikollisjonar
Etter konfirmasjonen blei jula vanskelegare
å feire, og kvar jul sidan
har framkalla denne kjensla av hykleri,
på eigne og andre sine vegner,
sterk eller svak ettersom korleis eg
har vore involvert i julefeiringa.
I mange år har eg tenkt at dette skal
eg skrive om – korleis denne ekstreme
høgtida har vorte ein arena for
alle slags verdikollisjonar, ikkje
berre
mine eigne; korleis alle i jula
avslører korleis dei tilpassar dosen
verdslegdom og heilagdom og
korleis
dette blandingsforholdet blir
forsvara og/eller skaper kvalar. Men
skrive? Jula er ikkje akkurat eit
ukjent tema i teatret eller litteraturen,
og i mange år lurte eg på om
det var mogleg å seie noko nytt.
Likeglade i kyrkja
Så ei jul drog eg på ei julegudsteneste,
i eit borgarleg strøk i Oslo.
Publikum
var det eg vil kalle firehjulskristne,
dei som rullar til kyrkja
på julaftan (og til seremonielle
hendingar).
Og berre ser på kvarandre.
Presten kunne gitt dei pepparkakeoppskrifter,
og dei hadde vore
like glade. Dei fekk vist fram
kyrkjeantrekket,
og det er julaftan
må vite! No gjeld det å komme seg
heim til drinken.
Men etter gudstenesta, på
kyrkjebakken,
vart eg likevel fanga i
ei inspirerande samtale om «norske
verdiar» og «kristen kulturarv» og
forsvaret av «vårt». Det inspirerande
var retorikken, dei snakka om
Noreg
som ei gåve til verda som
nettopp måtte vernast mot denne.
Eg kom med ein spøk om at det er
typisk Gro å vere norsk, og
dessverre
enda samtalen.
Mine kristne verdiar
er betre enn dine
Heldigvis vart dette temaet snart ein
diskurs i politikken og i media, ein
som har gått i fleire år no, med ein
foreløpig kulminasjon ved stortingsvalet
i år. Mine Jesus-erfaringar har
gjort meg følsam på hans vegner, og
vaktsemda blir sterkare med ein
gong folk tar det kristne til inntekt
for sine verdiar og sitt samfunnssyn.
Og ettersom verdidiskursen voks,
fekk eg drivstoff nok til å skrive
komedien «Faens nisse!»
Det mystiske ved kva ein kulturarv
er, kva kristendom i dag er, og
uklårleiken rundt kva for verdiar vi
eigentleg har ervt, gjer det offentlege
ordskiftet om dette svært forvirra.
Vaflar og brunost og svinekjøt og
NRK blir sidestilte med kristendom
og dugnadsånd og valfridom for
enkeltmennesket.
Og kva blir dette
til saman, dersom alt blir lagt i same
gryta? Og er det berekraftig? Ber det
meg?
Den som kjenner kjærleiken…
I «Faens nisse!» googlar folk etter
kristne verdiar, og det dukkar opp
24 stykk: At desse verdiane verken
er spesielt norske eller spesifikt
kristne, er lett å vise. I stykket seier
Jesus at den som kjenner kjærleiken,
ikkje trenger å vete kva som er kristne
verdiar, dei gir seg sjølve – for
«kjærleiken gjer ikkje skilnad på nokon,
kjærleiken krev ikkje lydnad,
kjærleiken tvingar seg ikkje på nokon,
kjærleiken er alltid på utkikk
etter den andre sine interesser, kjærleiken
er tålmodig, kjærleiken misunner
ikkje, skryter ikkje, kjærleiken
er ikkje stolt og ikkje frekk, ikkje
sint, kjærleiken vernar alltid, kjærleiken
tek aldri feil, kjærleiken er
hurra på jorda!». Dette står i Bibelen
(unntatt «Hurra på jorda», det er
Einar
Skjæraasen si formulering).
Kjærleiken. Så verdiar. Så enkelt
og så vanskeleg.
Etter at eg var ferdigskriven, har
eg slutta fred med jula, og eg liker
Jesus betre enn nokon gong. Men
dei religiøse tendensane eg har, og
sansen for det fantastiske, må kyrkja
klare seg utan, den energien kanaliserer
eg inn i forfattarskapen.» n
Bearbeidet av Jon Andreas Hasle.
HO-HO OG HALLEJULA!
«Presten kunne gitt dei pepparkakeoppskrifter, og dei hadde vore like
glade,» skriv dramatikar Gunnar Germundson om ei julegudsteneste
han drog på i eit borgarleg strøk i Oslo.
«Happy On Stage!» forestilling varer max 45 minutter.
Den Norske Ballettskole viser ca.
400 elever gjennom helgen 2.- 3. desember
på Trikkehallen på Kjelsås.
Dette er årets juleforestillinger til
Den Norske Ballettskole
(DNBS.no)
for elever som danser ballett, funkjazz,
moderne, breakdance,
musikaldans,
synger og spiller
teater.
Elevene er i alderen 4-18 år,
noen driver med dans- og
teaterkurs
en gang i uken, andre
danser ballett seks dager i uken. De
fleste elevene er med på ballettskolens
kurs på Folkets hus på
Kjelsås, Trikkehallen på Kjelsås og
Grefsen menighetssenter.
Det er hele 11 forestillinger disse
to dagene, alle forskjellige. Hver
Dette er forestillinger for hele familien.
Blant de opptredende er det flere
internasjonale prisvinnere innen
ballett, en elev er europamester i
breakdance og flere kommer til å
satse på en karriere innen musikal.
Billetter og program finnes på
Trikkehallens nettsider:
http://www.trikkehallen.no/happyon
stage/ n