
9
Ellen Hageman, Gvarv i Telemark.
(Foto: Joakim S. Enger)
– Men kva med billene? Kom det frå billa etter ei stund.
– Eg veit ikkje om me bryr oss så mykje om biller. Me snakkar om å redde
klimaet for våre barnebarns skuld. Ikkje for billene. Men me må forstå at
for dei fleste andre artar enn menneske ville det vore best om Gud hadde
nøgd seg med femdagers arbeidsveke. (Foto: iStock)
Livets sirkel
I dette nummeret skriv vi om den
havgåande Håpets katedral som
vart innvidd i Fredrikstad i sumar.
Til katedralen har uppfinnar og
kunsthandverkar Erik Alfred Tesaker
frå Gyland lagd ein krans som
skal henge i Håpets katedral. Kransen
er gjort av sju greiner frå
«Kjærleikseika» i Domkirkeparken
i Fredrikstad. – Eg tenkjer at denne
utsmykninga blir som ein Livets
Krans, seier Tesaker. - Planen er at
kransen, eller ringen, blir pynta til
ulike høgtider. Under kransen kan
folk gifte seg, gråte eller le. Ja, som
sagt: Livets Krans.
Eller ein «Livets sirkel» som Ellen
Hageman skriv om. Ho fortel at
Europa blei kristna,
så hogg kristne
ned ein masse
skogar som heidningane
meinte var
heilage? No hogger
me skog fordi dei ikkje
er heilage. Me hogger
skog for å byggje motorvegar
så menneske kan nå kvarandre
fortare. Men kvar einaste
motorveg er ein omveg for elgen.
– Og ubeboeleg for biller.
Eg sukka på nytt: – Herregud.
– Ja, kva med han, spurde billa.
– Kvar blei han av?
– Veit ikkje. Stått opp igjen i
økonomien kanskje? Luther sa noko
sånt som at gud er det me forventar
oss alt godt av. Me trur i alle fall
meir på økonomar enn på prestar.
Dei bablar i veg på sitt eige Kanaan–
språk, og me let dei behalde same
makt som prestane hadde før.
– Men vil du at prestane skal ha
meir makt då?
– Nei, eg vil ikkje at prestane
skal få meir makt. Ikkje biskopane
heller. For all del – det er mykje engasjement
for klima og miljø blant
norske prestar og biskopar. Men dei
sausar forkynninga saman med eit
håp som minner mest av alt om
norsk sosialdemokrati. Håpet blir
noko trygt og koseleg. Snilt, ufarleg
og forutsigbart. Men ein kan ikkje
vedta håp. Dessutan snakkar dei
ikkje sant. Det går ikkje bra. Det går
til helvete.
Eg tagde.
– Men kva med billene? kom det
frå billa etter ei stund.
– Eg veit ikkje om me bryr oss så
mykje om biller. Me snakkar om å
redde klimaet for våre barnebarns
skuld. Ikkje for billene. Men me må
forstå at for dei fleste andre artar
enn menneske ville det vore best
om Gud hadde nøgd seg med femdagers
arbeidsveke. For det er me,
menneska, som er i ferd med å øydelegge
livsgrunnlaget på den einaste
planeten me har. Ja, og me veit
både korleis og kvifor, men klarar
ikkje gjere noko med det. Samstundes
så har me ei utruleg optimistisk
tru på mennesket! «The sky is the
limit!» « You can do it!» Mennesket
er godt og skal dyrkast og forståast.
Og det her har kyrkja adoptert. «Du
er du, og du duger!» syng me. Men
gjer me verkeleg det?
Me sitt her på toppen av vårt Babels
tårn og kitlar Gud under føtene
mens me ber om å få tilgitt syndene
våre. Me vil ha nåden på forskot akkurat
som påskemarsipanen. Men
det er ikkje bra at nåden blir som
ein alt for søt vaniljesaus som me
heller over det heile så me ikkje lenger
klarer å skilje godt frå vondt. Og
kva skal me dessutan med nåde når
me er i ferd med å øydeleggje sjølve
livet?
– Men det finst jo ulike måtar å
tru på.
– Det er sant. Eg las ein stad om
urbefolkninga i USA og livets sirkel.
Alle artar er ein sjølvsagd del av
ein heilskap, alle er avhengige av
kvarandre. Mennesket er den einaste
arten som ikkje har ein sjølvsagt
plass i denne sirkelen – me treng å
lære det. Rituala deira gjer nettopp
det; lærer mennesket sin plass i livssirkelen.
Det gjev meining. Noko
sånt kunne vi kristne og prøvd.
– De et jo brød og vin.
– Ja, det gjer me. Men me velsignar
berre brødet og vinen, ikkje
åkrane og vingardane. Me velsignar
vatnet i døypefonten, men ikkje elva
som renn forbi. Me velsignar kyrkjebygg,
men ikkje skogen der tømmeret
blei henta frå. Me kunne
skapt sørgjeritual for tapte isbrear,
skog som blir hogd og artar som
blir utrydda. Kvifor gjer me ikkje
det?
– Sanneleg om eg veit. Eg er jo
berre ei lita bille.
– Jo, men veit du kva? Me skulle
prate meir med små biller. Og trær
og fuglar og. Då trur eg me hadde
høyrt at liljene på marken har noko
heilt anna å seie oss enn at me ikkje
skal bekymre oss for morgondagen.
n
Tekst: Ellen Hageman. fruhageman@
gmail.com
Litteratur:
Dag O. Hessen: Verden på vippepunktet
Arne Johan Vetlesen og Rasmus Willig:
Hva skal vi svare våre barn?
Jens-Andre P. Herbener: Naturen er
hellig. Klimakatastrofe og religion
Pave Frans: Encyklikaen Laudato si.
Om omsorgen for vårt felles hjem
Tore Johnsen: Økoteologi frå et urfolksperspektiv
frå kirken.no
Essayet stod først i gratismagasinet
Tørst, gitt ut av Areopagos. Takk til
skribent (og teolog) Ellen Hageman og
Areopagos for bruk av tekst.
urfolka i USA ser på alle artar som
sjølvsagde delar av ein heilskap, av
livets sirkel. «Alle er avhengige av
kvarandre. Mennesket er den einaste
arten som ikkje har ein sjølvsagt
plass i denne sirkelen – me
treng å lære det. Urfolkets ritual
gjer nettopp dette; lærer mennesket
sin plass i livssirkelen. Det gjev
meining.» n
Foto: Jon Andreas Hasle
e.l. Skriv navnet på planten utenpå
og gjerne også når og hvor du fant
den, det blir en del av historiefortellingen
din neste år. Ikke lagre dem i
plast - da mugner de.
• Lagres mørkt og tørt, tas frem i
januar en gang, da googler du navnet
på planten for å finne ut når frøene
sås og hvordan du får best resultater.
Hvis du føler deg usikker på frøhøsting,
kan en tur til herskapelige Linderud
gård i Groruddalen være lurt.
- På onsdager har vi åpne dugnadsdager
her, så da vil det være kunnskapsrike
folk til stede som kan vise
deg hvilke frø som er modne og hva
du kan ta med deg noen frø
hjem fra, en fin mulighet for nybegynnere
i frøverdenen, sier
prosjektansvarlig Agnes Lyche
Melvær.
n
Tekst: Jon Andreas Hasle
Kilde: Nettavisa Vårt Oslo