
8
Den heilage hagen
in gong eg dreiv og rota i
jorda i den vesle hagen
min, kom ei lita bille
forbi.
– Hei, sa eg.
– Hei, svara billa. Kva driv du og
tenkjer på i dag då?
– Jo, det skal eg seie deg, vesle
bille: Eg går og lurer på om kristendomen
er den beste religionen, eg.
– Men er ikkje du teolog? Trur
ikkje du på Gud?
– Jo, det gjer eg vel. Men trua
gjev liksom ikkje meining meir. Det
er som den ikkje vil dekkje røynda
heilt. Dei dreg frå kvarandre dei to,
trua og verda, og eg veit ikkje lenger
korleis eg skal få dei til å passe saman
igjen.
– Har det vore sånn lenge?
– Eg trur det byrja sumaren
2018. Hugsar du den?
– Nei, det var bestefar sin sesong.
Det er sjeldan me lever meir
enn ein sumar i min bransje, veit
du. Men det var tørkesumaren, var
det ikkje? Eg har høyrt om den.
– Jo, det var både tørt og varmt.
Sola skein frå blå himmel dag etter
dag etter dag. På åkrane tørka alt
inn. Graset var brunt og lauvet blei
gult allereie i juli. Grunnvatnet sank
til langt under kritiske verdiar. Det
var heitt om natta og endå heitare
om dagen. Regnet fordampa før det
nådde bakken. Eg blei så redd. Det
var som klimaforandringane som
me hittil mest hadde merka som
dårleg skiføre, viste seg i all si gru,
og det var ingen stader å rømme.
Hjelpe meg! Og eg er redd endå.
– Men er det ikkje redsle og sånt
kristendomen skal hjelpe mot?
– Tja, ikkje veit eg. Det hjelp
ikkje stort no i alle fall. Det eg lurer
på er nemleg om ikkje kristendomen
er del av problemet.
– Korleis då? lurte billa.
– Jo, førre søndag var eg på friluftsgudsteneste.
Forsamlinga benka
seg på stolar og teppe ved vatnet.
Presten peika på blomane og trea og
fuglane og fortalde om korleis dei
alle vitna om Guds herlegdom.
– Peika han ikkje på ei bille då,
spurde billa misnøgd.
– Nei, han gjorde ikkje det. Men
me song Den prektigkledde sommerfugl
og Herre Gud ditt dyre
namn og ære, og det var då eg tenkte
at her er det noko alvorleg gale.
– Ja, det mangla ei bille i den
gudstenesta. Sommarfuglar får alltid
all merksemda.
– Absolutt, haldt eg fram, men
det eg tenkte på, var at det er noko
gale når me brukar blomane og graset
og trea og fuglane ...
– og billene!
– Nettopp ... til å peike på Gud.
For kva er dei då i seg sjølve? Har
dei ingen verdi i seg sjølve? Har naturen
berre verdi som Gud sin skapnad?
Er det berre gjennom Gud ting
får verdi? Og kva skal me eigentleg
med ein Gud som er Gud uansett
om alle folk er daude og alle land
ligg aude? Problemet i kristendomen
er at det berre er Gud som er
heilag.
– Ikkje biller?
– Nei, verken
biller,
meitemark,
sjiraffar, pingvinar,
tre, blomar, fjell,
hav eller kvalar.
Det er Gud som er
heilag. Det er Gud
som skal ærast og
tilbedast. Ikkje det
Gud har skapt.
– Kva med menneske
då?
– Nei, unntatt Jesus
er ikkje me heilage heller.
Men me står rett nok eit
hakk over resten av det Gud
har skapt. Berre mennesket fekk
Guds ande blåst inn i seg. Og me
har fått dette forvaltaransvaret som
me er så glade i å snakke om. Gud
har gitt menneska oppgåva å ta vare
på alt saman. Det går ikkje så bra.
Eg sukka.
– Kanskje nettopp fordi me ikkje
ser på naturen som heilag. Då har
me ingen tabu som hindrar oss frå å
utnytte naturen utan å ta omsyn til
andre artar. Og no er det snart ikkje
ville dyr igjen. Nesten alle dyr i verda
er sånne menneska har avla
fram, og som me bruker som kjøtfabrikkar.
Temperaturen aukar, og vi
klarar ikkje ein gong halde dei måla
me var einige om. Breane smeltar.
Havet stig. Det er ille.
– Eg trur de har lånt for mykje,
kom det brått frå billa.
– Lånt?
– Ja, de driv og låner og låner
heile
tida, men de
gjev ikkje tilbake.
– Sant nok, vesle bille. Sant nok.
Heile systemet er lagd sånn. Skal du
ha deg ein heim? Lån pengar! Skal
du starte ei bedrift? Lån pengar! Og
så sit folk fast og må bruke heile livet
sitt på å betale tilbake. Hamsterhjulet
snurrar fortare og fortare, og
å kaste seg av i fart er ei hasardiøs
handling.
– Eg tenkte no mest på naturen,
brøyt billa inn.
– Jo, men det heng saman. Og
Jesus gløymde å fortelje oss at me
ikkje berre skulle gje keisaren det
som høyrer keisaren til, og Gud det
som høyrer Gud, men at me også
skulle betale naturen tilbake det me
skuldar han. Veit du forresten at då
E
Nå er det bare å forsyne deg med frø fra kommunens blomsterbed
Nabolagshager.
Etter at blomstringen er over, lager
plantene frø for å forberede neste
sesong. Én enslig blomst kan lage
frø til hundre nye, og frø som er
klare til å høstes kan du for eksempel
finne i kommunens blomsterbed.
– Kommunen samler ikke inn
disse frøene selv, så om vi ikke forsyner
oss av denne overfloden, sløses
disse ressursene bort. Frø er gratis,
over hele byen. Men hold deg
unna private hager og plantene i
Botanisk Hage. De kan være fra
sjeldne planter som bare gir noen få
frø, og som forskere og botanikere
trenger.
– En grønnere by handler om å ta
vare på ressursene, være bevisste
på sirkulærøkonomi og dele av
overfloden rundt oss. Derfor oppfordrer
jeg folk til å forsyne seg av
frø fra kommunens blomsterbed
utover sensommeren og høsten,
sier Helene Gallis. Hun er direktør
for partnerskap og innovasjon i
Slik går du fram for å høste gratis
frø:
• Velg en tørr dag hvor det ikke har
regnet på minst ett døgn, da er frøene
tørre og mugner ikke mens du
lagrer dem.
• Finn ut navnet på blomsten du
har funnet, det kan du for eksempel
gjøre ved å ta et bilde av den i appen
Plantweb, i Artsorakel eller i Google
Lens.
• Finn de aller mest knusktørre,
sprøeste frøene, de som nesten
drysser av planten. Alle frø ser litt
forskjellige ut, noen er lange, noen
er runde, noen er store og noen er
små.
• Samle frøene i en papirkonvolutt
– På balkongen min har jeg en
stor potte med knallrosa blomster
som heter cosmos. Det er en
blomst som er lett å dyrke.
Frøene høstet jeg på Karl Johan i
fjor høst, og jeg sådde dem i april,
forteller Helene Gallis.
Foto: Nabolagshager.