24
Treng du ein røff guide til Bibelen?
Ho (eller han) kan meir enn sitt
Fadervår! – sa folk tidlegare når
dei ville rose nokon for å vere
kunnskapsrik. Og det som ligg
under, er jo at Fadervår er noko
alle kan! Men i kva grad stemmer
det i dag? Faktum er vel at i alle
høve yngre menneske stort sett
ikkje kan sitt Fadervår. Ikkje så
rart, kan hende, i eit samfunn der
kristentrua i stadig sterkare grad
blir utfordra av ei tiltakande
sekularisering og eit større
livssynsmessig mangfald.
I skolen må bibelhistoria i dag
konkurrere om plassen med
svært mange andre historier.
I
denne situasjonen har
Alf Kjetil Walgermo
utgitt boka Røff guide til
Bibelen (Samlaget, 2017). Boka
har tøff layout, etter mønster av
andre «Røff guide»-bøker. Men
der dei andre røffe guidane gir oss
råd og tips om turistreiser til
andre
land, tar Walgermo oss med
på ei indre reise i Bibelens landskap.
Kvifor gjer han det? Walgermo
svarer i forordet med ein påstand:
Vår kristne og humanistiske
arv er rett og slett uforståeleg utan
Bibelen.
Eit folkeopplysingsprosjekt
Eg trur at Walgermo peikar på noko
sentralt. Eg har vore norsklærar i
vidaregåande
skule i meir enn 40 år.
Mi erfaring er at kjennskapen til bibelhistoria
har blitt merkbart dårlegare
i løpet av desse åra. Unge
menneske
i dag veks dermed opp
med mangelfull kjennskap til eit
viktig fundament for den norske
kulturarven.
I samband med dei nasjonale
jubilea
i 2005 og 2014 blei det sagt
og skrive mykje om norske verdiar
og kva det vil seie å vere norsk. Det
synte seg at sjølv politikarar som
blei utfordra på kva norsk kultur er,
ofte ikkje kom mykje lenger enn til
ostehøvelen og geitosten.
Sett i lys av dette er det eit folkeopplysingsprosjekt
Walgermo har
starta når han leier oss gjennom
tekstane i Bibelen. Røff guide til
Bibelen
opnar Bibelen for oss og gir
oss dermed kunnskap om ein hjørnestein
i den norske kulturen og i
vidare forstand i heile den vestlege
sivilisasjonen. Bibelen er den mest
utbreidde boka i verda, berre det
skulle vel vere grunn til å lære han å
kjenne?
Ei bok for lek og lærd?
I utgangspunktet er boka skrive for
folk som ikkje er det vi kan kalle
bibelsprengde.
Fagteologar vil truleg
kjenne til det meste av det Walgermo
trekkjer fram frå bibelhistoria.
Men eg skulle tru at òg folk som er
meir eller mindre aktive bibellesarar,
vil ha glede av boka, tilliks
sjølvsagt med dei som er meir eller
mindre ukjente i bibellandskapet.
Walgermo er ikkje teolog, han er
forfattar og journalist i den kristne
avisa Vårt land. Kan hende er det eit
godt utgangspunkt når ein skal skrive
ei slik bok. Eg meiner det er eit
Alf Kjetil Walgermo (39) opnar rett og slett Bibelen på nytt for ei lesande
samtid med si «Røff guide til Bibelen». Til dagleg er han kulturredaktør i
avisa Vårt Land.
pluss at boka er journalistisk skrive.
Her finst ikkje vanskeleg tilgjengeleg
fagterminologi. Framstillinga er
reint kronologisk frå Første mosebok
til og med Johannes’ openberring.
Walgermo avsluttar omtalen av
kvar bok i Bibelen med lesetips for
dei som vil gå inn i originalstoffet.
Dette er eit godt grep. Sjølv har eg
under lesinga av Røff guide til Bibelen
fleire gonger blitt inspirert til å
gripe til Bibelen for å sjå korleis heile
historia er uttrykt der.
Ikkje forkynning
Kva er så Walgermos eigen ståstad?
Eg opplever han som ein folkeopplysar
som vil presentere ei bok han
har stor respekt for, og som tyder
mykje for han.
Skummel kulturnatt på Frysja kunstnersenter
I anledning Kulturnatten i Oslo fredag
14. september inviterer kunstnerne
på Frysja kunstnersenter lokalbefolkningen
til en skummel
utekino-aften med visning av den
legendariske norske thrilleren De
dødes tjern (1958). Filmen vises i 35
mm format.
Det er i år 100 år siden André
Bjerke ble født på Grefsen i Oslo, og
dette er en god anledning til å feire
en lokal kulturpersonlighet med en
skummel kunstnerisk aften.
Filmen introduseres av selveste
Henny Moan, som skapte en fascinerende
skikkelse av kvinnen som
trekkes mot tjernet i Kåre Bergstrøms
film De dødes tjern, etter
André Bjerkes kriminalroman
(skrevet under pseudonymet Bernhard
Borge). I sin introduksjon til
filmen vil Henny Moan lese diktet
Kunstneren. Det blir også musikalsk
innslag av den eminente gitaristen
Frode Barth!
De dødes tjern handler om seks
unge mennesker som reiser en helg
til Østerdalen for å besøke en hytte.
I nærheten ligger et tjern, hvor en
grufull tragedie fant sted noen tiår
tidligere. Sagnet sier at tjernet har et
underlig dragsug, og at de som
kommer dit, tvinges til å drukne
seg. Deler av filmen ble spilt inn ved
Skomakertjern i Nordmarka. André
Bjerke spiller selv en av rollene.
Visning starter kl. 20. Salg av
toddy. Ta med varmt tøy, pledd,
skjerf og egen stol.
Arrangementet er gratis. Det er
støttet av Kulturetaten i Oslo kommune
og Norsk Filminstitutt.
Frysja kunstnersenter er et
kunstnerfellesskap som er etablert i
Mustad og Søns gamle fabrikkbygninger
ved den øvre delen av Akerselva.
Det er flere generasjoner
kunstnere som jobber på Frysja, og
et mål med kulturnatten er å invitere
lokalbefolkningen og andre interesserte
inn på bruket for å gjøre
dem kjent med Kunstnersenteret.
Frysja kunstnersenters unike
plassering tett på Nordmarka og
Maridalsvannet gir en unik og
uhyggelig setting for filmen. Vel