Page 13

talefoten062014

13 Ikke midtside, men bilde i bla’ ble det altså. midtsidepike i Talefoten med dette bildet.» n Prøysen i Maridalen kirke 1. juni Maridalen menighet og Oslo mållag har i årevis skipa til forfattarkveldar i Maridalen kirke første søndagen i juni. I år går den 14. av stabelen 1. juni klokka 19, nær sagt sjølvsagt med Alf Prøysen som årets forfattar. Hadde han levt, ville han ha fylt 100 i år. Og han lever. Vi har vore svinheldige og fått forfattaren Ove Røsbak, frå Furnes på Hedmarken, til å halda føredrag om Prøysen, vår mest folkenære og folkekjære forfattar og visesongar. Ove Røsbak har skrive biografi om Prøysen og kan han betre enn dei aller fleste. Skodespelar og songar Tone Ringen har eit langt og nært forhold til Prøysen sine tekstar og vil framføra fleire av dei, både til tonefylgje frå pianisten Torild Fimreite og åleine. Torild Fimreite spelar også eit par stykke solo. Som vanleg vert det ljomande allsong, denne gongen nokre av Alf Prøysen sine treffande tekstar! Dessutan byr maridøl Gunnar Bjune på sitt tankevekkjande innleiingskåseri, det også om Prøysen. Og etterpå er det kyrkjekaffi og eit rikt utval kaker på kyrkjebakken. Og «Herren brukar å sjå til sine» – med «godt og lagleg ver», som det heitte i kyrkjebøna før. Alt dette får du for skarve 100 kroner. n Tekst: Alv Reidar Dale Foto: Rigmor Dahl Delphin Foto: Gyldendal


talefoten062014
To see the actual publication please follow the link above