13
Ikke midtside, men bilde i bla’
ble det altså.
midtsidepike i Talefoten med
dette bildet.» n
Prøysen i Maridalen kirke 1. juni
Maridalen menighet og Oslo mållag
har i årevis skipa til forfattarkveldar
i Maridalen kirke første
søndagen i juni. I år går den 14. av
stabelen 1. juni klokka 19, nær sagt
sjølvsagt med Alf Prøysen som
årets forfattar. Hadde han levt, ville
han ha fylt 100 i år. Og han lever.
Vi har vore svinheldige og fått
forfattaren Ove Røsbak, frå Furnes
på Hedmarken, til å halda føredrag
om Prøysen, vår mest folkenære og
folkekjære forfattar og visesongar.
Ove Røsbak har skrive biografi om
Prøysen og kan han betre enn dei
aller fleste.
Skodespelar og songar Tone Ringen
har eit langt og nært forhold til
Prøysen sine tekstar og vil framføra
fleire av dei, både til tonefylgje frå
pianisten Torild Fimreite og åleine.
Torild Fimreite spelar også eit par
stykke solo.
Som vanleg vert det ljomande
allsong, denne gongen nokre av Alf
Prøysen sine treffande tekstar!
Dessutan byr maridøl Gunnar
Bjune på sitt tankevekkjande innleiingskåseri,
det også om Prøysen.
Og etterpå er det kyrkjekaffi og
eit rikt utval kaker på kyrkjebakken.
Og «Herren brukar å sjå til
sine» – med «godt og lagleg ver»,
som det heitte i kyrkjebøna før.
Alt dette får du for skarve
100 kroner. n Tekst: Alv Reidar Dale
Foto: Rigmor Dahl Delphin Foto: Gyldendal